I helga var eg og såg om bror min i Tydalen. Eg kom opp fredag ettermiddag med bilen full av skuterklede og isfiskeutstyr, no skulle dei takast. Då eg kom fram, bar det i butikken for å proviantere:
- pølse (20 stk)
- pølsebrød (12 stk)
- marsipanegg
- maggot
- ulike taco-ingredingsar.
- pils
Så gjekk turen ned til Storekra (Stor-ekra, ikkje Store-kra) kor vi meska oss med taco og drøymde om dei store fiskane vi skulle ta i morgon. Det vart så eit lengre ordskifte om kor tid vi skulle fara, men vi vart til slutt einige om vi skulle stå opp kl. 8
Det gjekk overraskande greitt å vakne så tidleg, eg var beint fram morgonfrisk
Sola skein frå blå himmel og det såg ut til å bli ein framifrå dag i fjellet. Skuterføret var ypperleg og snart var vi på plass ved Mulen og hadde sluk og mormyska i vatnet. Det byrja å nappe med ein gong, men eg fekk ikkje krøyka den forbaska fisken ein einaste gong. Morten drog opp seks fiskar, men storleiken var ikkje mykje å skrive heim om. Fiskegudane sutte nok for at eg skulle sleppe skamma med å ha teke småfisk

Morten ligg og dreg opp småfisk.
Det var diverre ein del vind, så vi fann etter kvart ut at vi skulle finne oss ein lun stad og ta oss ein matbit. Denne gongen passa eg på at eg hadde med både fyrstikkar og stormlighter så vi skulle få steikje pølsa og fisken. Etter at vi hadde brukt opp nesten all raudspriten på å prøve og få eld på nokre sure bjørkepinnar, tok vi til fornuften og brukte den siste slanten på spritkjøkkenet. Pølsa vart kjempegod
Søndag vart det skitur, då skulle vesle Kine og få vera med. Ho skal visstnok ha genar frå alaskan malamute, men eg trur ho må ha fått dei genane på vranga: det var nok meir Morten som trekte Kine enn omvendt. Etter å ha gått omtrent rett opp i forferdeleg lang tid, kom vi fram til Langfallsjøane. Vi bora straks hol i isen og byrja fiske, man han var ikkje villig i dag heller. Ikkje eit napp på heile dagen.

Kosestund på Langfallsjøene.
Vinden var til stades i meste laget. Vi gjekk derfor vidare til neste tjønn i håp om at det var lunare der. Det var det ikkje, men vi vart sittande ei stund å fiske lell. Etter kvart vart vi svoltne, så vi tenkte vi skulle steikje oss nokre pølser. Fyrstikkane var med, steikjepanna var på plass, bensinbrennaren og bensinen var klar. Sjølsagt mangle det ein del for å koble brennaren til tanken, så det vart kald pølse uten brød (for det hadde vi ete opp dagen før) til mat. Eg tømte pølsesøet ned i snøen så Kine skulle få seg litt pølsesøslush til middag, nammenam
Etter at pølsa var slukt, var det på tide å renne ned att. I staden for å renne rett ned den vegen vi kom, gjekk vi ein omkrok så det ikkje skulle bli så bratt. For min del var nok det unødvendig, om det så hadde vore 50˚ bratt, trur eg at eg må ha staka for å komme ned. Skia hadde ikkje vorte glattare sia sist eg blogga dei.

Kongen av Aprilfjellet