I helga var eg på verdas trivelegaste bryllaup, Katrine Strøm og Bjarne Marken vart til Katrine og Bjarne Høttmoen i Stordalen Kapell. Dagen byrja i kyrkja med musikk og preike. Preika stod presten for, medan slekt og venner av brura stod for musikken. Tonje song eit par fine låtar og Emanuel spelte kornett, eg var med og kompa på bas. Etter at brurefolket hadde svara rett, spelte Sverre folket ut or kyrkja med ein gånglåt skriven for anledninga.
Det bars så til ungdomshuset for gløgg, båe med og utan alkohol, i et stortelt som var sett opp utafor huset. Der var eg sett til å spele toradar medan gjestene meska seg med gløgg. I alt maset om morgonen gløymde eg sjølsagt min eigen toradar, men eg fekk heldigvis låne ein av Bjørnar.
Etter kvart vart det mat, elggryte laga av den eminente kokken Jan Tore. Til dessert vart det moltkrem med krumkake. Maten og kaffen gjekk som ein leik, ikkje nokre lange trasige talar eller pausar. Dalingane hadde til og med laga eit lite teaterstykkje der dei viste korleis brureparet trefte kvarandre. Før vi visste ordet av det vart det musikk og dans.
Jan Borseth med venner spelte til dans, og etter kvart såg eg mitt snitt til å finne fram fela. Eg slengte meg med på scena og spelte et sett i lag med Jan, det var artig. Eg har spelt fele berre sidan først på desember, men eg vart behandla som Arve Tellefsen; he-he
Ikkje før klokka 7 søndags morgon var eg i seng.
Klokka 10 søndag skulle eg eigentleg ha vore på plass att på Stordalen. Eg somna sjølsagt av, men i 2-tida var eg på plass att. Etter middagen bars det til med spelling att, vi heldt fram til i 9–10-tida. Eg spelte fleire gammel-låtar med Sverre Strøm, verdas beste polsspelar.






