Skutertur!

Vidunderet

Etter mykje om og men vart skuteren endeleg ferdig reparert, det måtte sjølsagt feirast med ein fisketur. Ettersom medeigar og broder Morten bur i Tydal, ein kommune som faktisk tillet skuterkjøyring, har vi sett opp base der. Morten var på Essand i helga, og eg tenkte at eg og skulle freiste lukka under syltoppens fot.

Eg stod opp før kl 0900, kjøpte fiskekort og betalte løypeavgift. Dermed var det berre å sette seg på skuteren og legge i veg. Eg hadde budd meg bra: Abu-røyken, stormkjøkken, grillpølser, pølsebrød, fiskestikke, maggot, men sjølsagt ingen fyrstikker, så det vart kalde pølser i brød til morgens på Essand. Etter å ha fiska i om lag et kvarter byrja det nappe, smånappe. Denne smånappinga heldt fram ein times tid utan at eg fekk fast fisk. Så vart det stilt, ikkje eitt enda napp til på heile dagen, men det var ikkje farleg, for været var utruleg bra: skyfri himmel og ikkje eit vindpust.

Kaptein Rødskjegg

Publisert i Friluftsliv. Kommentarer avslått

Abstinens

Etter eitt døger utan TV held eg på å klive på veggene. Korleis går det med ungdommane i Point Place? Får Rex Hunt fisk i dag? Klarar doktor House å stille rett diagnose før det er for seint?

Heldigvis oppdaga eg at eg har radio, så i dag har eg trøysta meg med Trønderradioen. Kven veit, kanskje eg oppdagar nokre gøymde skattar i FM-bandet?

Potteplanter

Eg har kjøpt meg eit par plantar, det skal bli spennande å sjå kor lenge dei overlever i mi varetekt.

Publisert i Uncategorized. Kommentarer avslått

Ut med TV-en!

No har eg endeleg kasta ut den helvetes TV-en :-D

Publisert i Fest, Uncategorized. Kommentarer avslått