Etter eitt døger utan TV held eg på å klive på veggene. Korleis går det med ungdommane i Point Place? Får Rex Hunt fisk i dag? Klarar doktor House å stille rett diagnose før det er for seint?
Heldigvis oppdaga eg at eg har radio, så i dag har eg trøysta meg med Trønderradioen. Kven veit, kanskje eg oppdagar nokre gøymde skattar i FM-bandet?
Eg har kjøpt meg eit par plantar, det skal bli spennande å sjå kor lenge dei overlever i mi varetekt.




