Etter mykje om og men vart skuteren endeleg ferdig reparert, det måtte sjølsagt feirast med ein fisketur. Ettersom medeigar og broder Morten bur i Tydal, ein kommune som faktisk tillet skuterkjøyring, har vi sett opp base der. Morten var på Essand i helga, og eg tenkte at eg og skulle freiste lukka under syltoppens fot.
Eg stod opp før kl 0900, kjøpte fiskekort og betalte løypeavgift. Dermed var det berre å sette seg på skuteren og legge i veg. Eg hadde budd meg bra: Abu-røyken, stormkjøkken, grillpølser, pølsebrød, fiskestikke, maggot, men sjølsagt ingen fyrstikker, så det vart kalde pølser i brød til morgens på Essand. Etter å ha fiska i om lag et kvarter byrja det nappe, smånappe. Denne smånappinga heldt fram ein times tid utan at eg fekk fast fisk. Så vart det stilt, ikkje eitt enda napp til på heile dagen, men det var ikkje så farleg, for været var utruleg bra: skyfri himmel og ikkje eit vindpust.





